STARTSIDE

 
Nytt frå Batalden Havbu .  
Oppdatert 02.04.2017
 
SOMMAREN 2017. Ledige hus.
Vi startar sesongen i midten av mai i år. Dei faste gjestene har funne sin plass i sine bygningar.
Nokre nye er komne til. Nokre har nett måtte flytte på ferien sin, så nokre hus er blitt ledige.
Så ta gjerne kontakt igjen viss du er blant dei eg ikkje har funne plass til tidlegare.
Vi håpar på godver for det store turarr. "Øyane over" som i år går 21. mai.
 
TILBAKEBLIKK 2016
Gjestesesongen starta opp i pinsa i mai 2016. Dei fleste faste gjestene var "booka" inn,
i skuleferien. Før og etter den var det helst grupper som ynskjer 1 eller 2 døgn for familietreff,
vennetreff, personaltur, blåtur m.m. Desse gjestene bestiller gjerne først utpå vårparten.
 
SESONGSLUTT. 10. sept. drog vi opp båtane og avslutta sesongen for ferierande.
Somme ønskte å samle venner, familie eller kollegaer utan overnatting seinare på hausten.
Då opna vi for det i Gamlehuset og Havbua.
 
UT PÅ TUR. Mange kom til øya for å bestige fjellet på nærare 500 m.o.h. I samarbeid med Fjordkysten
Reiseliv og turlaget er løypa til toppen no i ferd med å bli skilta. Oppsetting av skilta er dessverre
blitt forsinka. Det er derfor ekstra viktig at turfolk studerer detaljinfo med kart om turen
på kaia, særleg fordi starten påløypa er lagt om i forhold til tidlegare.
 
SOMMAREN 2015 
Det blei ein kald forsommar for gjestene som kom i slutten av mai og i juni. Det var m.a.
grupper på over 20 pers., som oldefaren som samla sine etterkommarar og Kirkens Bymisjon
i Bergen som arr. helgatur for dei frivillige medarbeidarane.
I aug.-sept. kom meir sommarlege temperaturar som freista dei faste gjestene til å starte bade-
sesongen, ta sine vante toppturar på Store Batalden og nyte livet i solnedgangen på sjøen.
Rett nok dukka det opp nokre regnbyger i blant. Men dei trekte seg som regel fort tilbake.
Krabben kraup villig inn i teinene, og godt fiske blei det for både store. Det ga mange gode
middags- og kveldsmåltid under opphaldet. Når fisket svikta, ordna dei lokale fiskarane det meste,
som kveite, sjøkreps eller breiflabb.
 
SESONGEN 2014
16. juni kom Dronning Sonja på besøk med Kongeskipet. Ho hadde med seg eit følgje av kunstfolk
knytta til grafikkprosjektet ho er ein del av. Dei fekk omvising og besøkte utstillinga mi i galleriet.  
Vi avslutta sesongen med haustgjester frå Kongsberg og Oslo og arr. for turnuslegar 14.okt.
Så var det å dra opp båtane og planlegge for neste sommarsesong. 
Det tydelegaste haustteiknet er at dei store lønnetrea får nakne greiner. På bildet under speglar dei
seg saman med morgonhimmelen i vindaugsrutene i Gamlehuset. 
 
                   
   

SJØHUSA Litlebua, Midtbua og Havbua blei oppussa og måla utvendes i 2012. Midtbua fekk også nytt tak. 
GAMLEHUSET(Foto lenger nede) har endeleg fått fornya fasaden med kledning lik den opprinnelege frå 1840. 
Arka er fornya, og taket har fått ein del nye skiferheller.  
 Ikkje berre maritimt miljø, fjellknausar og hav. Rundt husa finn du ein frodig oase der akkeleier og 
 tusenfryd utfaldar seg fritt saman med storkenebb, soleie og jonsokblom. Gamlehuset er endeleg ferdig                      restaurert, isolert og med historisk rett kledning mot aust.
   
Utsikt mot Litle Batalden, Kinn og Alden
 


Batalden Havbu

Kontaktperson: Gunhild Bjelland
Adresse: Store Batalden, N-6917  Batalden
Telefon: +47 57745422
Mobil: +47 95 15 82 69. Lite mobildekning heime
Webebside: www.bataldenhavbu.no
E-post: bataldh@online.no
 
OPNINGSTID: Mai- sept.
OMVISING: Juni- aug.
               
 
004757745422
Vær




© LightWeb