LITLEBUA
E-post: gunhild.bjelland@gmail.com
 
Bua er frå 1820 er det eldste av sjøhusa. Det er lagt spesiell vekt på ei planløysing som gir ei luftig
romkjensle i eit elles lite areal. Det originale heisehjulet, vinda, er restaurert og har igjen fått plass oppunder taket. Litlebua har ein stor og fin terrasse med levegg.
 
 
Litlebua er eit eksklusivt tilbod til to vaksne. Det er dobbelseng på hemsen og sofa som enkel kan gjerast om 
til seng, for den som ikkje likar trappa opp til hemsen. Gjennom vindaugene framfor vindehjulet ser du ut på
hamna frå senga. Det gir ein heilt spesiell stemning. Dei fleste gjestene set pris på at bua har bokhylle med eit 
utval av romanar, lokale historie- og turbøker og faktabøker om flora og fauna.
KJØKKENKROKEN
Litlebua har det meste av moderne komfort. Her er kjøleskap, platetopp, oppvaskmaskin, mikrobølgeovn
med steikeovn, mokkamaster og kapselmaskin (Nespresso), brødristar og handmiksar m.m. 
I nabobua, Midtbua, finn du grovkjøkken med komplett komfyr, fryseboks, vaskemaskin m.m.                           

BADET
Her er dusj og hårfønar, såpe og shampo. Du forsyner deg med handkle etter behov.

Interiøret i Litlebua er fornya. Kjøkkenet er blitt lysare, og det luta golvet er malt lys grått.
Det er lettare å halde reint og gir ein fin kontrast til gammalt og nytt treverk som elles er dominerande. 
 
        VED KLAFFEBORDET.
        Her kan du nyte ein frukost for to. 
        Når veret er bra, blir gjerne alle måltid inntatt ute
       på terrassen.
       
 
       LEIGE.
       Litlebua er svært populær og er inntil vidare det einaste
       huset som blir utleigd både til dagsbesøkande og til over-
       nattingsgjester for eit kort eller langt opphald.
        
Batalden Havbu

Kontaktperson: Gunhild Bjelland
Adresse: Store Batalden, N-6917  Batalden
Telefon: +47 57 74 54 22
Mobil: +47 95 15 82 69. Lite mobildekning heime
Webside: www.bataldenhavbu.no
E-post: gunhild.bjelland@gmail.com
 
OPNINGSTID: Mai- sept.
OMVISING: Mai- sept.
             
 
004757745422
Vær




© LightWeb